No skal 3200 tulipanar dryssast over ørstingane

Ikkje mindre enn 3200 tulipanar vert no gitt til eldre på institusjonar og andre i samband med Ørsta Lions sin tradisjonsrike tulipan-aksjon.

Tulipanar: Ørsta Lions sel tulipanar for gode føremål. F.v. Jarl Remøy, Kim Thorup, Nikolas Moe, Kjell Erik Vikestrand, Per Ove Leira og Kjetil Brune Gjertsen.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

– No er vi klar med 360 bukettar. Næringslivet er på bana som aldri før, og har kjøpt opp nesten alle tulipanane, ja, det handlar om ny rekord. Dette er utruleg positivt, fortel Kjetil Brune Gjertsen nøgd.

Han er leiar for ein blomstrande gjeng i Ørsta Lions som torsdag brette opp ermane og gjorde seg klare til å køyre fargerike bukettar med tulipanar rundt om i Ørsta.

– Ei rekkje av blomstrane vert gitt til folk på institusjonar i kommunen, noko folk set stor pris på. Nokre bedrifter gir også tulipanar til eigne tilsette, fortel Gjertsen.

Ørsta Lions er ikkje mellom dei største klubbane i landet. Men når det gjeld tulipansal er det nesten ingen som slår dei.

– Ja, vi er ein av klubbane som sel mest blomster, det er litt moro, seier Brune Gjertsen, ein av seksten medlemmer i klubben.

Dei rettar stor takk til nordvest Profil for gratis informasjonsmateriell.

Salet av tulipanar og Lionskalenderen er Lions-klubben sine viktigaste inntektskjelder. Pengane som kjem inn vert gitt til samfunnsnyttige tiltal både internasjonalt, nasjonalt og sjølvsagt lokalt. Og mange i Ørsta har gjennom åra fått stor nytte av midlar frå Lions og førebyggjande aktivitetar der tanken er at det er betre å førebyggje enn å reparere, m.a. innan rus.

I Ørsta fyller Ørsta Lions 40 år. I samband med dette er det planlagt ei jubileumsbok som skal vere ferdig til jul.