No kjem suksessframsyninga til Ørsta

Den kritikarroste barneframsyninga «Tobias og dagen det smalt» kjem til Ørsta kulturhus komande fredag.  Foto: Riksteatret.

Nyheiter

Riksteatret tek den prisvinnande og kritikarroste barneframsyninga «Tobias og dagen det smalt» på turné til Ørsta kulturhus. Datoen er 23. april, går det fram av ei pressemelding.

Framsyninga vart kåra til årets beste framsyning for barn og fekk Heddaprisen i 2018. «En forestilling med god plass til både alvor og humor» skreiv pressa mellom anna.

«Tobias og dagen det smalt» handlar om å stole på, og tru på seg sjølv, og vissheita om at alle barn er like mykje verdt. Det handlar også om vennskap og trua på at vennane dine vil deg det beste.

Gjennom fantasi og verkelegheit rører framsyninga ved tema som at det er mange måtar å vere menneske på. Og at det kan vere litt trøblete når korleis ein ser ut utanpå og korleis inn føler seg inne i seg sjølv, ikkje heilt passar saman.
«Tobias og dagen det smalt» er ei modig, liten teaterframsyning som passar for barn frå 6 år, heiter det i meldinga til pressa.

PRESSA SKRIV

«Flott teater for barn, og som også tåler godt de voksnes øyne og ører (…) Ei forestilling med god plass til både alvor og humor» ITromsø, 5
«En rikholdig, formbevisst, opplevelsesfortelling med mange lag» Dagbladet, 5
«Åpen, undrende, leken og mangfoldig» Nordlys, 5
«Det blir aldri for enkelt, aldri for vanskelig. Det er et viktig tema, et tema i tiden, som formidles med kløkt, paralleller og masse barnslig gøy.» NRK

Speletid: 45 minutt (inga pause).