Sluttar i Havila Kystruten

Databilete av eit av dei nye Havila-skipa.  Foto: Havila Kystruten

Nyheiter


Administrerande direktør Arild Myrvoll har sagt opp stillinga si i Havila Kystruten, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.

Arild Myrvoll var den første som vart tilsett i Havila Kystruten, og har arbeidd i selskapet sidan august 2018.

Administrerande direktør Arild Myrvoll har vore med på å bygge fire nye passasjerskip, administrasjonen på land og organisasjonen med mange hundre tilsette som skal segle med Havila Kystruten.

Styreleiar i Havila Kystruten, Per Sævik, rettar ei stor takk til Myrvoll for innsats og samarbeid, og ønskjer han lykke til med nye utfordringar.

Arild Myrvoll seier i pressemeldinga at tida i Havila Kystruten har vore både lærerik og spennande, og han trur selskapet med dei nye skipa og tilbodet dei skal gi til passasjerane vil gi den klassiske kystreisa mellom Bergen og Kirkenes eit positivt løft.

Myrvoll går frå stillinga si seinast hausten 2021. Styret i Havila Kystruten har starta prosessen med å finne ein ny administrerande direktør til å leie selskapet som no går frå oppbyggingsfasen og over til ein fase med operativ drift av etter kvart fire skip.

Per Sævik seier dei ser etter ein person som skal vidareutvikle ei av dei største reiselivssatsingane på Norskekysten med fire nye, miljøvenlege skip som både skal bidra til å auka verdiskaping langs kysten og gi dei reisande gode opplevingar, heiter det i meldinga til pressa.

Finansdirektør

Finansdirektør i Havila Shipping, Arne Johan Dale, får ansvar som finansdirektør for Havilagruppa og også Havila Kystruten.

Havila Kystruten skal ha dei to første skipa som skal trafikkere på strekninga Bergen-Kirkenes seglingsklare i løpet av sommaren 2021. Dei to neste vert levert i 2022.