Full klaff for X2-festivalen

– Resulterte i ei heilt rå helg

Ei stund frykta X2- festivalen at alt arbeider dei hadde lagt ned skulle gå i vasken grunna koronarestriksjonar. Under føresetnadane beskriv festivalsjefen X2 som heilt fantastisk.

Utforsykling: Stian Gaudestad på veg ned sykkelløypa søndag. Han tok 2. plassen i juniorklassa bak ørstingen Andreas Smehus Lind. Foto: Mads Ankarstrand 

Nyheiter

– Då nedstenginga kom før påske var redselen at vi hadde jobbe mykje for ingenting. Vi er nok den einaste festivalen i Noreg som har klart å få til noko no. Vi håpar at folk rundt om er stolte over alle frivillige som har klart halde X2 aktuelt og i gang, seier festivalsjef Mathias Vasbotn Remmereit.