Dei ventar og ventar på vaksine

Jobbar 10 cm innpå folk, men får ikkje status som kritisk helsepersonell

– Vi er svært skuffa over Ørsta kommune sine prioriteringar. Vi jobbar tett på pasientane – kanskje berre ti – femten centimeter – men vert ikkje rekna som kritisk helsepersonell.

UTRULEG: - Hadde vi i fjor vår fått vite at vi no, eitt år etter, framleis ikkje er vaksinerte, ville vi ikkje trudd det, seier kjeveortopedane Marit Ramsli Gjethammer og Ingri Beddari.   Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Det seier Marit Ramsli Gjethammer og Ingri Beddari i den private spesialist-klinikken Kjeveortopedane i Ørsta sentrum. Allereie i februar byrja dei å ringje til Ørsta kommune, og korresponderte så på epost for å få vaksine, og vart så faktisk sette opp til å få Astra-Zenika 11. mars – same dag som vaksineringa med den vart stoppa.