Tre av dei 28 i Ørsta-utbrotet er voldingar

Koronatesting.  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune melder at dei i dag fekk beskjed om at tre av dei 28 korona-tilfella som er meldt frå om i Ørsta siste veka høyrer heime i Volda.





Det er altså hittil meldt om 28 smittetilfelle i utbrotet som starta for ei veke sidan. Den første voldingen som vart smitta i utbrotet, fekk melding om dette den 7. april, altså onsdag i førre veke. Den andre dagen etter, og den tredje i går, måndag 12. april.

Som følgje av dette er altså ein av klassene på Volda vidaregåande skule sett i karantene.