To nye smitta – klasse ved Volda vgs i karantene

Koronatesting.  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta kommune melder tysdag om to nye tilfelle av korona-smitte. I ei pressemelding skriv kommunen:

«Hittil i veke 15 er det meldt om 2 nye tilfelle av Covid-19, eitt vart meldt seint måndag kveld og eitt i dag tysdag. Begge tilfella har tilknytning til utbrotet i Ørsta kommune. Til saman er det meldt om 28 tilfelle knytt til utbrotet, og 3 av desse har bustadadresse i Volda kommune.



Ei klasse ved Volda VGS er sett i karantene, og alle i denne klassen har fått beskjed både skriftleg og munnleg.»

Ørsta kommune Vi minner om den forsterka TISK, og korleis ein skal forholde seg til nærkontakter, karantene og testing. Denne kan du lese meir om her