- Ta ettermiddagen på Bondalseidet.

- Det er perfekte forhold!, kjem det frå styreleiar Gunnar Knutsen, og då opnar Ørsta skisenter onsdag ettermiddag.

Det er mykje snø på Bondalseidet, og onsdag kjem sola. 

Nyheiter

Det er meldt flott ver. Og snøveret siste dagane har gjort at forholda på Bondalseidet er svært gode.

- Dei er perfekte, seier styreleiar Gunnar Knutsen i Ørsta skisenter.

Dermed opnar skisenteret kl. 16.00.

- Om det vert vellykka, prøver vi det seinare i veka også. Det er supre forhold for skiaktivitet for alle, og ta gjerne ein utemiddag på Eidet, er meldinga frå Knutsen.