No skal hjorten teljast

Natt til komande laurdag og natt til 1. mai vert det vårteljing av hjort i Ørsta, Volda, Hareid, Herøy, Sande og Vanylven.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Det vert vår-teljing av hjort natt til laurdag 17. april og natt til laurdag 1. mai.

Teljingane går føre seg frå midnatt og fram mot kl. 06.00 i kommunane Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Volda og Ørsta.

Teljingane vert organisert lokalt i kvar kommune.

Teljingane vert utført med systematisk søk over all innmark. Under teljinga vert det bruka kraftig lys, så det er viktig for folk å vere merksame på lysbruken dei aktuelle nettene.

Resultatet av teljingane er med på å gi eit godt faktagrunnlag for korleis ein skal forvalte hjortestamma på Søre Sunnøre.

Samla resultat av teljingane vert publisert på kommunane sine heimesider.