Fire nye smittetilfelle i Ålesund

Koronatesting  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Sunnmørsposten Ålesund kommune opplyser at dei i går, måndag 12. april,, fekk meldt fire nye smittetilfelle.

Om tilfella:

To personar i familie busett i Sandøy har testa positivt, smittekjelda er kjend frå Austlandet.

Ein person har testa positivt i samband med innreisekarantene. Vedkomande er overført til isolasjon. Det er god kontroll på smittesporinga.

Ein person busett i Ålesund kommune, har fått påvist koronavirus og er i isolasjon. Smittesporing er i gong. Vedkomande har sist veke vore på eit oppdrag for VARD i Tomrefjord, verksemda har av den grunn sett i verk ekstra førebyggande tiltak.

Også Giske kommune melder tysdag om eit nytt smittetilfelle. I samband med påvist smitte i Giske kommune er yttarlegare ei elevgruppe ved Fagerlia vidaregåande skole i karantene.