Rettsaka om K A Aurstad

– Transaksjonen var forsvarleg

Forsvararane Vegard Aaløkken og Jan Erik Teigum.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Tysdag starta rettssaka mot Cato Aurstad i Søre Sunnmøre tingrett. Som tidlegare styremedlem og konsernsjef i konkursråka K A Aurstad AS meiner Økokrim at Aurstad er ansvarleg for ein transaksjon mellom K A Aurstad AS og Aurstad Maskinutleige AS. Aurstad Maskinutleige kjøpte maskiner og utstyr for 20 millionar kroner. Økokrim meiner at transaksjonen skjedde med opptil seksti prosent rabatt av marknadsverdi. Aurstad sa seg ikkje skuldig etter tiltalen då rettssaka starta.