Tiltalte forklarte seg i K A Aurstad-saka

– Kjenner meg ikkje att i tiltalen

Forsvararane Vegard Aaløkken og Jan Erik Teigum.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Cato Aurstad starta si forklaring i Søre Sunnmøre tingrett tysdag ettermiddag. Han er sett under tiltale av Økokrim i samband med ein transaksjon av maskiner og utstyr til 20 millionar kroner mellom K A Aurstad AS og Aurstad Maskinutleige AS. Aurstad var tidlegare styremedlem og konsernsjef i konkursråka K A Aurstad AS. Økokrim meiner Aurstad er ansvarleg for transaksjonen.