Stad-ordførar Alfred Bjørlo åtvara Stortinget

«Strynefjellstunnelane vart brukte i skrekkfilm!»

Kunne ha vore skrekkfilm 1: Nei, ikkje skrekkfilm dette, men realistisk brannøving i Oppljostunnelen, den øvste av dei tre tunnelane på rv 15 Strynefjellsvegen.   Foto: Arkiv Bengt Flaten, Fjordingen.

Nyheiter

- I 2019 hadde katastrofefilmen «Tunnelen» premiere på norske kinoar – om dei katastrofale følgjene av ein brann i ein trong vegtunnel med mykje trafikk. Filmen var spelt inn i Strynefjellstunnelane på Rv 15 Måløy-Otta. Det er ikkje tilfeldig, sa Stad-ordførar på høyring i Stortingets transportkomite om Nasjonal Transportplan i dag.