Betra resultatet

Over 100 millionar i resultat for Mørenett

Direktør Rune Kiperberg.  Foto: Mørenett.

Nyheiter

Mørenett AS oppnådde eit resultat etter skatt på 101,4 millionar kroner i 2020.

Dette går fram av ei pressemelding frå selskapet.

Driftsinntektene vart 595,3 millionar kroner i 2020, og driftsresultatet vart 149,9 millionar kroner. Driftsresultatet er 10,8 millionar kroner betre enn i 2019.

- Selskapet har som mål å sikre gode resultat og stabilt utbyte til eigarane, og søkjer å balansere gode resultat med langsiktig verdiskaping, seier adm. direktør Rune Kiperberg, i pressemeldinga.

Høgare kraftforbruk

Mørenett har distribusjonsnett på søre og nordre Sunnmøre, og om lag 67 000 målepunkt i distribusjonsnettet. Det siste året har forbruket i distribusjonsnettet auka med 26,6GWh. I 2020vart det levert 1 783 GWh til sluttbrukar, mot 1 756,4 GWh i 2019.

- Vi ser effekt av omfattande elektrifisering i området. Mørenett gjennomførte omfattande investeringar i 2020. I regionalnettet er Stranda transformatorstasjon ferdig utvida. Selskapet har fått innvilga konsesjonssøknad om utbygging av ny linje mellom Djupvika og Sandviksskaret som vil gi meir robust kraftforsyning til ytre Herøy.

- I distribusjonsnettet har fleire mindre og mellomstore anlegg blitt ferdigstilte, både i samband med fornying av nettet og til straumforsyning av nye kundar, forttel Kiperberg.

Kraftsystemet er i stor endring, og nasjonalt er det ambisiøse mål rundt elektrifisering.

- Auke i straumforbruket set høgare krav til kraftnettet. I Mørenett har spesielt overgangen til elektriske ferjer utløyst store investeringar også i 2020. Sambanda Hareid - Sulesund og Magerholm –Sykkylven har gått over til elektrisk drift, og desse to sambanda åleine gir reduserte klimautslepp tilsvarande 13 000 tonn CO2 i året- eller CO2 utslepp frå om lag 6 000 dieselbilar, seier Kiperberg.

Han gjer det klart:

Klimautfordringar

- Elektrifisering vil vere ei av dei viktigaste løysingane på klimautfordringane vi står føre, og fornybarnæringa vil vere ein viktig bidragsytar gjennom å levere løysingar som klimaet treng. Det er vårt ansvar at kraftnettet vert drive så kostnadseffektivt som mogleg, med tilstrekkeleg kapasitet og kvalitet til å møte den fullelektriske framtida, seier direktør Rune Kiperberg.

Statnett/Mørenett har signert avtale med Statnett om kjøp av omklassifisert 132 kV regionalt distribusjonsnett i Møre og Romsdal.

- Avtalen underbyggjer Mørenett som det største nettselskapet i fylket, og selskapet vil etter dette kjøpet eige om lag 73 prosent av regionalt distribusjonsnett i Møre og Romsdal, heiter det i meldinga til pressa frå Mørenett.

Mørenett hadde 139 fast tilsette og 6 lærlingar i 2020.