Slik er korona-stoda i Ørsta måndag ettermiddag

Ordninga med heimeskule vert forlenga for fleire skular og klasser

Koronatesting.  Foto: Illustrasjon arkiv Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta kommune har sendt ut følgjande pressemelding måndag ettermiddag:

«I veke 14 vart det teke over 1200 prøver for Covid-19 i Ørsta og Volda, og vi har hittil fått meldt om 26 positive smittetilfelle i Ørsta kommune. Alle prøvesvara vi har fått igjen frå helga har vore negative, men vi ventar framleis på nokre prøvesvar frå laurdag.

Alle meldte smittetilfelle i veke 14 kan relaterast til kvarandre, og smittekjelda er kjent. Etter faglege vurderingar i tett samarbeid med Statsforvaltaren og FHI er det difor ikkje noko grunnlag for å halde eit høgare tiltaksnivå i kommunen no enn tidlegare. For skule og barnehage vil dette seie «gult nivå».

I løpet av veka vil fleire av dei råka tenestene vere tilbake i tilnærma normal drift. Status for kvar enkelt teneste, finn de lengre ned på sida.

Melding frå kommuneoverlege og teststasjon:

Dei fleste nærkontaktene har no fått negativt svar på den første testen. Det betyr at husstandsmedlem til nærkontaktene er ute av ventekarantene, og kan gå tilbake til jobb, skule og barnehage.

Dei som er nærkontakter, må framleis vere i karantene til dei har fått negativt svar på den andre testen. Denne testen kan tidlegast vere tatt når det har gått over 7 døgn sidan ein sist var i kontakt med den smitta, jamfør Covid-forskrifta § 4c. Dersom denne andre testen er negativ, kan ein gå ut av karantene når ein har fått negativt svar på testen og kjenner seg frisk.

Det vil seie at dersom ein sist var saman med den smitta 07.04. kl 14.00, kan ein tidlegast ta test nummer to 14.04. Kl 14.01.

Det er viktig at dei som er i karantene IKKJE er i lag med andre enn dei dei bur med i karantenetida. Det er ikkje lov å være saman med andre som også er i karantene sjølv om alle har testa negativt.

Kommunen ber framleis innbyggjarane vere merksame på symptom og teste seg sjølv ved milde symptom. Dette gjeld også dei som er vaksinerte. Vi minner om at fleire av dei smitta kun har milde symptom, men dei kan framleis smitte vidare. For at ein tidleg kan oppdage smitte og hindre vidare spreiing, er det difor svært viktig at ein held seg heime ved symptom og tek ein koronatest.

Symptom på koronavirus kan vere:

Feber

Hoste

Sår hals

Tett nase og snørr

Hovudpine

Sjukdomskjensle eller influensakjensle

Kroppsverk

Tung pust

Tap av smaks- eller luktesans

Barn med nyoppståtte forkjølelsesymptom bør testast før dei kjem tilbake til barnehage og skule. Tidlegare kunne ein sjå an symptoma heime i 48 timar, og deretter vurdere om det var behov for test. Men no anbefaler FHI at ein testar dei snarast råd. Om barna ikkje vert testa kan dei ikkje kome tilbake til barnehage med restsymptom, då må dei vente til dei er heilt symptomfrie.

Unntaket er barn som kun har rennande nase som det einaste symptomet og ellers er i god allmenntilstand. Dei treng ikkje test, og kan gå i barnehage og skule som normalt.

Status for tenestene i Ørsta kommune:

Velle skule

1., 2., 3. og 5. trinn har, som før, vanleg skule. 6. trinn skal tilbake til vanleg skule frå tysdag 13. april.

4. og 7. trinn skal ta ein 2. koronatest og har heimeskule i alle fall til og med torsdag, 15. april.

Hovden skule

Berre nokre få elevar på 1. – 4. trinn er ikkje i karantene, sidan det store fleirtalet går på SFO, der både elevar og tilsette er i karantene. Dermed må heile småskuletrinnet ha heimeskule til og med torsdag, 15. april. 5. trinn er også i karantene og må ha heimeskule i same periode. Ein svært stor del av dei tilsette ved Hovden skule er i karantene. Dette gjer at ein ikkje greier å ha fysisk skule for både 6. og 7. trinn, og ein vel då å ha fysisk skule for dei yngste (6. trinn), medan 7. trinn får heimeskule til og med torsdag, 15. april.

Ørsta ungdomsskule

Heimeskule for alle elevane til og med torsdag, 15. april.. Dette er grunna utfordring med tilsette i karantene og praktiske hensyn. Drift på «gult nivå» frå torsdag.

Dalane, Vikemarka, Vartdal og Sæbø

Drift på «gult nivå».

Ørsta opplæringssenter

Heimeundervisning til og med fredag, 16. april. Vi håper å vere tilbake til normal drift på gult nivå frå og med måndag 19.04.21.

Bakk-Ola-marka

Per i dag 12. april er det 4 bebuarar og 6 tilsette i Bu og habilitering på Bakk-Ola-marka som har fått påvist smitte. 10 bebuarar og 20 tilsette er i karantene. Det er ein utfordrande situasjon for eininga som er råka, og det er stort fokus på å ivareta brukarar, tilsette og skjerme resten av huset mot smitte.

Vi vil framleis halde stengt inntil situasjonen er meir avklart, det vil seie svar på test nr 2. Vi ber om forståing for dette. - Det vil kome ny melding når dørene vert opna. Vi oppmodar pårørande om å vente med besøk. I særlege tilfelle kan ein gjere avtale med eininga. Aktivitetssenteret er også stengt inntil vidare.

Sjukeheimane i Ørsta

I samråd med kommuneoverlegen opnar både Ørstaheimen, Vartdal Helsetun og Hjørundfjordheimen igjen for besøk på alle avdelingar, med unntak av Buavdelinga på Ørstaheimen.

Vi følgjer dei nasjonale råda og tilrår at kvar einskild bebuar har få nærkontaktar. Besøk skal avtalast i forkant og gjestar skal vera symptomfrie og ikkje i karantene. Dei fleste av våre bebuarar er vaksinerte, det beskyttar mot smitte, men me minner om at det ikkje er garanti mot smitte.

Ved Buavdelinga vert det gjennomført fleire rundar med testing. Vi håper på framleis negative svar og at vi kan opne avdelinga att i løpet av helga.

Ørstahallen

Ørstahallen opnar tysdag 13. april. Det inneber treningar for dei under 20, samt klatring som vert sett på som individuell trening på lik linje som treningssentera. - Altså i samsvar med nasjonale retningsliner.

MEN vi held fram med låste dører, og det er ikkje høve til å opphalde seg i hallen om ein ikkje er knytt til ein av aktivitetane som foregår her.

Kulturskulen

I kulturskulen går både individuell undervisning og gruppetilbod slik dei har gjort, på gult nivå. Vi har moglegheit for å tilby digital undervisning til elevar som er i karantene og ikkje kan møte på timen.

Kaihuset

Held ope med begrensa tal gjestar, som vi har gjort i heile år.

Kiwihallen

Ørsta IL Fotball melder at Kiwihallen opnar i dag. 12. april."