Ber Volda kommune om møte for å diskutere innløysing som eit alternativ

- Husa våre er nesten utan verdi pga Steinsvik Olivine

Olivin-nabo Sindre Kvangarsnes og olivin-sjef Robert Welsvik.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Naboane til Steinsvik Olivine er i harnisk over at olivinsjef Robert Welsvik verken vil asfaltere anleggsvegen eller betale dagmulkt. – Vi har takstar på eigedomane våre som fortel at husa våre er nærast verdilause som følge av drifta til Steinsvik Olivine, skriv dei til Volda kommune.