-Ein av dei finaste dagane

Topp forhold på Ørsta skisenter i helga  Foto: Ørsta skisenter

Nyheiter

For skisentera har helga vore eit eventyr. Og det var søndag som var den store dagen.

- Trur vi alle kan vere samde i at dette vart ein av dei finaste dagane på Ørsta Skisenter denne sesongen. Det er kjekt å kunne ha eit tilbod til regionen vår i desse tider, skriv Ørsta skisenter på sine Facebooksider.

-I dag ( søndag) var det var fantastisk, akkurat som i gamle dagar. Stor takk til alle som har stått på for å gjenopne etter at det eigentleg var stengt ned, skriv styremedlem Tove Krøvel i ein kommentar.

Det er no 140 centimeter snø på Eitrefjell- det desidert meste til no i år.