Nordmenn i gisseldrama i Arkhangelsk – eit 100-årsminne

Over 40 norske selfangarar vart haldne som gislar i fleire månader i den russiske byen Arkhangelsk i 1921, kort tid etter at bolsjevikane hadde teke makta i byen. Dei fekk oppleve matmangel, menneskelege tragediar og summariske avrettingar, men også kino, teater og jamvel ekteskap.

Remøy - isen.JPG 

Nyheiter

Arkhangelsk og området rundt var eitt av dei siste som kom under kontroll av bolsjevikane, det skjedde faktisk berre eit par månader før dei norske sjøfolka vart tvungne inn i byen. Det var ein by i fullt kaos som møtte nordmennene.