Marit (60) slår tilbake mot Parkinson

For snart seks år sidan fekk Marit Bakkebø (60) diagnosen Parkinsons sjukdom. Da ho i haust deltok i eit forskingsprosjekt som skal finne ut meir om hjernen til parkinsonramma, lærte ho å spele slagverk, og byrja å øve fleire timar om dagen. Det har gjort stor forskjell i kvardagen.

– Ein finn mange trommecover-videoar på YouTube, og der kan du skru ned tempoet. Der kan du sjå korleis dei gjer det, og så kan eg tromme til dei låtane eg likar, seier Marit Bakkebø (60), som prøvde slagverk for første gong sist haust. No går det mykje i Muse og Kean, gjerne fleire timar om dagen.   Foto: Ulrik Bakkebø Sirnes

Nyheiter

– Med trommene kan du ikkje føle deg fram. Du må berre velje å slå. Ein må halde rytmen. Eg trur det har gjort meg litt tydelegare og tøffare, seier Marit Bakkebø (60).