Ingen nye smitta søndag

Koronatesting  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

-Situasjonen i Ørsta kommune er per no uendra, skriv kommunen i ei oppdatering på sine heimesider søndag kveld.

- Kommunen vil som tidlegare meldt kome med ny vurdering av dei tenestene som er råka i morgon, måndag 12. april. Vi har ikkje fått meldt om fleire smittetilfelle i dag, men ventar framleis på mange prøvesvar, skriv kommunen.

Tidlegare denne veka har det vore 26 smittetilfelle i Ørsta , og 360-370 personar er i karantene.

Det blir heimeskule for fleire av klassetrinna ved Velle skule, Ørsta ungdomsskule og Hovden skule måndag. Og SFO ved Hovden skule vert stengt heile komande veke fordi mange av dei tilsette er i karantene.