Sjekk testresultata

Ein ny smitta laurdag, men mange testar negativt

Nettmøte om koronasituasjonen i Ørsta laurdag.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Ørsta kommune har fått melding om ein smitta til laurdag, og det er smittetilfelle nummer 26.

Samstundes er det mange som har fått negative svar på sine testar. Det gjeld alle testar på Ørstaheimen, alle testar frå Bakk-Ola-marka, alle testar frå Ungdomsskulen og Velle skule, og alle tilknytt fotballaga som er i karantene.

– Vi har fått mange positive signal i løpet av dagen, og kan vere optimistar, sa ordførar Stein Aam på eit nettmøte laurdag ettermiddag.

Kommunen har offentleggjort testresultata, som fordeler seg slik

Velle skule:

- Klasse 4A: 14 elevar i karantene, alle har negativ 1. test

- Klasse 4B: 19 elevar i karantene, alle har negativ 1. test

- Klasse 7A: 24 elevar i karantene, alle har negativ 1. test

- Klasse 7B: 22 elevar i karantene, alle har negativ 1. test

- Tilsette: 13 i karantene, alle har negativ 1. test


Ørsta ungdomsskule:

- Klasse 9A: 23 elevar i karantene, alle har negativ 1. test

- Klasse 9C: 20 elevar i karantene, alle har negativ 1. test

- Tilsette: 7 i karantene, alle har negativ 1. test


Hovden skule:

- Klasse 3A: 11 elevar i karantene, 6 har fått svar på 1. test og var negative.

- Klasse 5A: 15 elevar i karantene, 9 har fått svar på 1. test og var negative.

- SFO: 12 elevar i karantene, 4 har fått svar på 1. test og var negative.

- Tilsette: 11 i karantene, 7 har fått svar på 1. test og var negative.


Grunnskuleopplæring for vaksne i Ørsta:

- Elevar: 21 i karantene, 11 har fått svar på 1. test og var negative.

- Tilsette: 4 i karantene, alle har fått negativt svar på 1. test.


Fotballlag:

- Damelaget: 13 i karantene, negativ 1. test på alle.

- Guttar 13: 8 i karantene, negativ 1. test på alle.

- Guttar 16: 32 i karantene, negativ 1. test på alle.

- Fotballtrenarar: 7 i karantene, negativ 1. test på alle.

- Jenter 17: 17 i karantene, 16 av desse har fått svar på 1. test og testa negativt.


Aktiv trening:

Vi har ikkje fått melding om nokon positive testar på dei som har vore på Aktiv trening 05.04. Desse er heller ikkje definerte som nærkontakter eller sett i karantene. Vi ber dei likevel ha låg terskel for å ta ny test dersom dei skulle utvikle symptom etter at dei har testa seg, då det kan ta inntil 10 dagar frå ein er smitta til ein utviklar symptom.