Bekymra for elvemiljø

Gjøelva renn gjennom skuleområdet i Volda.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

SV sin kommunestyrerepresentant i Volda, Silje Louise Dahl, er bekymra for at elvemiljø i Volda ikkje vert godt nok varetatt. Ho viser til at Fylkeskommunen og Statsforvaltaren har merknader til det flaumførebyggande arbeidet langs Gjølelva, ei lita elv som renn mellom Øyra Skule og den gamle lærarskulen.