Ny veterinær i Ørsta

– I framtida vonar eg å kunne satse på hest

– Eg er glad eg er i gang. Eg gir alltid 110 prosent!

Wollmann har alltid hatt eit hjarte for hestar. I framtida vonar ho at ho kan drive ein rein hesteklinikk. 

Nyheiter

Sofie-Nikoline Gjøsdal Wollmann frå Ørsta er nyst ferdig med eit 5,5 år langt veterinærstudie i Polen. No går ho rett ifrå skulebenken til oppstarten av eige firma og fast jobb på Ørsta Volda Dyreklinikk. Draumen om å jobbe med dyr har ho hatt sidan ho var 10 år, og no blir han oppfylt.