Korona i Ørsta

To nye med smitte - 360 i karantene

Koronatesting.  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta kommune har fredag kveld fått meldt ytterlegare to tilfelle med covid-19. Dette er nærkontakter til tidlegare tilfelle, og dei var i karantene.

-Sidan tysdag er det tatt 1060 koronaprøver i Ørsta og Volda kommune. Det sitt no omlag 360 nærkontaktar i karantene og endå fleire husstandsmedlemmer har blitt sett i ventekarantene i påvente av resultatet på første test, skriv kommunen i ei pressemelding.

Alle bebuarar og tilsette på buavdelinga på Ørstaheimen har fått negativt svar på første test.

Til no har 4 bebuarar på Bakk-Ola-marka testa positivt for covid-19, alle dei andre bebuarane har testa negativt.

Teststasjonen held fram med testing laurdag. Ein kan bestille time elektronisk på kommunen sine nettsider.

- Vi ber om at alle innbyggarar har låg terskel for å teste seg dersom dei har symptom på koronavirus, også sjølv om det kun er lette symptom, skriv kommunen i si oppdatering seint fredag kveld.

Ørsta har no 25 positive tilfeller av Covid-19 den siste veka.