Stor rasfare i helga

Kraftig vind og nedbør fører til stor rasfare i helga.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Etter nokre dagar med moderat rasfare vert varselet oppgradert til "stor rasfare" laurdag og søndag.

– Kraftig vind og snøbyer vil føre til stor vindtransport av snø inn i leheng. Skred kan bli utløyst både naturleg og av skiløpar. Unngå skredterreng, er varselet for Sunnmøre frå varsom.no.

Det detaljerte varselet er slik:" Kraftige snøbyer og vind frå nordvest gir aukande skredfare. Over tregrensa er det venta snøfokk og stor transport av snø inn i leheng. Dette vil gi ustabilitet og fare for naturleg utløyste skred. Nedbørsmengde og vindstyrke vil kunne variere i byene. Det er også usikkert kvar det kjem mest nedbør, men prognosane tilseier indre Sunnmøre. I område som får maksimalt nedbør vil faregraden kome opp i 4-stor. I høgfjellet kan det i enkelte heng framleis vere svake lag av kantkorn djupt i snødekket. Skred i fokksnøen som påverkar slike lag, kan få et større volum."