Politiet opnar dørene igjen - men Ørsta/Volda må vente

Frå torsdag av er dørene opne hos politiet i Hovdebygda.

Politistasjonen i Hovdebygda, lensmannskontoret  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Politiet gjemopnar frå mandag dei fleste publikumsmottaka Møre og Romsdal politidistrikt, men Ørsta og Ulsteinvik må vente til torsdag, heiter det i ei pressemelding frå politiet..

- Det er uro over smittespreiinga i nokre kommunar på Søre Sunnmøre som gjer at har valt å sette dei to lensmannskontora i Ørsta og Ulsteinvik på vent nokre dagar til, seier visepolitimeister Ingmar Farstad i Møre og Romsdal politimeister.

Etter ei periode med aukande smittespreiing, særleg i den sørlege delen av distriktet, varsla politiet i påskeveka at alle publikumsmottaka ville bli stengde dei første verkedagane etter påske.