Nye smittetilfelle - Hovden skule råka

Ørsta kommune melder om to nye tilfelle av covid-19. Hovden skule er råka.

Koronatesting.  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

- Det er til no meldt om 23 tilfelle av Covid-19 denne veka. Fredag er det meldt om to nye positive smittetilfelle i Ørsta. Desse tilfella er knytt til Hovden skule, heiter det i meldinga frå Ørsta kommune.

Tilsette og elevar som går i tredje og femte klasse på Hovden skule, og som har vore i klassa anten tysdag 6. april eller onsdag 7. april, skal vere i karantene og teste seg fredag.

- Det gjeld også dei som har vore på SFO desse dagane. Husstandsmedlem til desse tilsette og elevane må gå i ventekarantene til det er svar på den første testen til den som er i karantene, heiter det i meldinga frå kommunen.

Smitta var på treningssenter

Ein som har fått påvist smitte har vore på Aktiv trening i Ørsta måndag 5. april i tidsrommet 13.00-15.00.

- Vi ber alle som har trent der i same tidsrom/same dag om å teste seg, oppmodar smittevernleiinga.