Innstilt som sorenskrivar

Kirsti Bjørneset, sorenskrivar i Sunnmøre tingrett, er innstilt på førsteplass som sorenskrivar for Møre og Romsdal.  Foto: Sunnmørsposten

Nyheiter

Kirsti Høegh Bjørneset, som er sorenskrivar i Sunnmøre tingrett, er innstilt som nummer ein til stillinga som sorenskrivar for Møre og Romsdal tingrett. Det skriv Sunnmørsposten. Innstillinga er gjort av Innstillingsrådet for dommarar. Endeleg avgjerd blir tatt av Kongen i statsråd 16. april.