Her blir det vidare digital undervisning

Høgskulen i Volda.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Høgskulen i Volda vil halde fram med digital undervisning fram til 18. april.

– Kriseleiinga ved Høgskulen i Volda har bestemt at all undervisning blir digital fram til og med 18. april. Om det blir endring etter 18. april er avhengig av smittesituasjonen og nasjonale retningsliner. Det er framleis mogleg å gjere unnatak for digital undervisning der ein er avhengig av lokale for å gjennomføre forsøk eller ferdigheitstrening som ikkje kan gjennomførast digitalt, og det er nødvendig for å halde oppe progresjonen i studiet. Eventuell fysisk undervisning skal godkjennast av dekan, opplyser rektor Johann Roppen i sitt nyheitsbrev.

Høgskulen er framleis open for studentar medan tilsette arbeider heimanfrå.

– Dermed har studentar tilgang på bibliotek, lesesalar, verkstadar, studentsørvis og IT-hjelp med meir. Tilsette skal framleis jobbe heimanfrå så sant dei ikkje har fått unntak frå dekan eller direktør.