Heimeskule for fleire skular, restriksjonar ved sjukeheimane

Ørsta kommune innfører heimeskule for tre skular, og delvis for ein fjerde.

Elevar ved Velle skule er koronasmitta.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Det blir heimeskule til og med måndag på heile Hovden skule, heile opplæringssenteret, heile Ørsta ungdomsskule og 4., 6. og 7. trinn ved Velle skule som følgje av smittesituasjonen, melder kommunen på si heimeside..

Sjukeheimane

Ein tilsett på Buavdelinga ved Ørstaheimen har testa positivt for Covid-19, onsdag 7. april. Bebuarane på Buavdelinga er i karantene og avdelinga kjem til å vere stengt til slutten av komande veke.

- Ut frå smittesituasjonen i bygda ønsker me så få besøk som råd på institusjon i helga. Ved spesielle behov, vil me så sant det er forsvarleg legge til rette for besøk på andre avdelingar enn Buavdelinga som har smitte, heiter det frå smittevernleiinga.

Råda gjeld også Vartdal helsetun og Hjørundfjordheimen.