Ørsta fekk meldt ytterlegare tre positive covid-19-tilfelle torsdag kveld. Alle desse er nærkontakter og har vore i karantene.
Ein er tilsett på Bakk-Ola-marka. Ein er tilknytta Ørsta opplæringssenter, og ei klasse og nokre lærarar der er sett i karantene.
- Smittesporingsarbeidet er no svært omfattande og vi har ikkje rukke å kontakte alle som er sett i karantene. Vi ber om forståing for dette og vil fortsette å ringe i fredag, heiter det i ei melding frå Ørsta kommune.
Smittevernleiinga ber om at alle dei som har fått informasjon om at dei skal i karantene frå arbeidsgjevarar, skulen eller trenarar held seg i karantene til kommunen tek kontakt.
Det er i alt meldt 21 nye smittetilfelle i kommunen i denne veka.