Vurderer særskilde smitteverntiltak

Kriseleiinga i Ørsta kommune arbeider intenst med den nye koronasituasjonen i kommunen.

Frå ein tidlegare pressekonferanse om koronasituasjonen. F.v.: ordførar Stein Aam, kommuneoverlege Marte Vaage Øie og kommunedirektør Wenche Solheim.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Førebels er det ikkje teke endelege avgjerder, og det er særleg situasjonen på skulane det vert arbeidd med.

Det fortel ordførar Stein Aam til Møre-Nytt.

Når det gjeld aldersinstitusjonane er det sett i verk særskilde tiltak på Ørstaheimen og Bakk-Ola-marka, der tilsette har fått påvist smitte. Vartdal helsetun og Hjørundfjordheimen følgjer dei nasjonale råda.

Det er venta at kriseleiinga vil konkludere seinare torsdag.

I løpet av eitt døger vart det stadfesta tretten nye tilfelle av covid-19 i Ørsta, frå tysdag kveld til onsdag kveld.

Smittekjelda er kjend.