Det fortel kommuneoverlege Marte Vaage Øie til Møre-Nytt.
Etter koronautbrotet i Ørsta denne veka, er det rekordmange som er til testing.
Det gjeld dei som direkte vert bedne om det, og i tillegg går kommunen ut med ei oppmoding om å ha låg terskel for testing dersom ein t.d. har vore i Kiwihallen.
Samstundes ber Volda kommune om at dei som kan vente med testing, gjer det.
– Teststasjonen i Hovdebygda ber om at dei som ikkje har symptom, og dei som er i ventekarantene og ikkje har symptom, ikkje bestiller test torsdag, heiter det frå Volda kommune.
– Ørsta og Volda har eit godt samarbeid om teststasjonen i Hovdebygda. Akkurat no er det situasjonen i Ørsta som må ha prioritet, seier kommunedirektør Wenche Solheim.