Stengjer Ørstaheimen for besøk

Ørsta kommune melder torsdag morgon at Ørstaheimen er stengt for besøk.

Ørstaheimen er stengt for besøk inntil vidare.  Foto: Arkiv

Nyheiter

- Ein tilsett på Buavdelinga har testa positivt for Covid-19. Heile sjukeheimen stenger for besøkande frå torsdag 8. april. Bebuarane på Buavdelinga er i karantene, og avdelinga kjem til å vere stengt til slutten av komande veke, heiter det i meldinga frå Ørsta kommune på deira nettsider.

Resten av sjukeheimen håper kommunen å kunne opne for besøk att i løpet av helga når det er meir oversikt over situasjonen.

For sjukeheimane elles, Vartdal helsetun og Hjørundfjordheimen gjeld dei nasjonale retningslinene:

"Vi ynskjer i tråd med dei generelle nasjonale råda å redusera tal på besøkande fram til 12.4.

Alle kan ha besøk av 1-2 faste personar, om fleire nære pårørande ynskjer å kome på besøk, kan ein legge til rette for at nokre få til kan få kome.

Pårørande som i jobbsituasjon eller fritid, har kontakt med mange, bør dei halda 2 m avstand og gjerne bruke munnbind.

FHI råda til å ikkje ha overnattingsbesøk frå andre husstandar i denne påska. Vaksne barn/barnebarn som bur åleine kan kome på besøk til foreldre. Vi ynskjer ikkje at desse tilreisande barn/barnebarna skal komme på besøk på institusjon denne gangen. Dei som likevel vel å samla storfamilien/fleire husstandar, ynskjer vi vurdera sterkt å utsetje alle besøk på institusjon til etter påske.

Besøkande frå andre kommunar enn heilt lokalt, må særleg vurdera om det er forsvarleg at dei kjem og sjå kva retningslinjer som gjeld i si kommune. Ein råda då til bruk av munnbind.

Besøk til heimen eller biltur kan som før vurderast individuelt, men vi ynskjer ikkje det skal vere for å møte storfamilien med barn, barnebarn/oldebarn frå ulike husstandar."