Ørsta kommune vel å gå ut med kva lag dette gjeld. På desse laga er spelarane i karantene.
Dette gjeld følgjande lag knytte til Ørsta IL: G 13, G15, G16 og J17. I tillegg gjeld det damelaget.
– Og det gjeld dei som var med på treningane søndag og måndag, fortel kommuneoverlege Marte Vaage Øie.
Når det gjeld andre lag som har vore i aktivitet i Kiwihallen i den siste perioden, er ingen av spelarane på desse laga i karantene.
– Men ha låg terskel for testing, oppmodar kommuneoverlegen.