Ny smitte om bord i fly til Hovden

Widerøe-fly som flaug til Hovden hadde ein koronasmitta passasjer måndag denne veka.  Foto: Arkiv Roy Arne Folkestad

Nyheiter

Måndag denne veka landa eit Widerøe-fly på Hovden med ein passasjer som hadde koronasmitte. Flyet kom frå Oslo.

Også 24. mars landa eit fly på Hovden med ein koronasmitta. Dette flyet kom frå Bergen.

Dette kjem fram av Folkehelseinstituttet si liste over flyavgangar der personar med covid-19 har vore om bord.

Det var avgangen klokka 16:45 frå Oslo med landing klokka 17:55 måndag 1. påskedag at det var om bord ein passasjer med koronasmitte. Møre-Nytt sit på opplysningar om at passasjeren er ein person busett i Ulstein.

Bergen

Også på kveldsflyet frå Bergen til Hovden 24. mars var det ein koronasmitta om bord. Flyet gjekk frå Bergen klokka 19:45 og landa i Ørsta klokka 21:05.

Det er Folkehelseinstituttet sitt nasjonale smittesporingsteam som har ansvaret for å følgje opp desse sakene.

I praksis fungerer det slik at dersom ein flypassasjer får påvist smitte, så vil smittesporingsteamet i den aktuelle kommunen ta kontakt med det nasjonale smittesporingsteamet til FHI og oppgi namn og flightnummer.

Deretter er det det nasjonale smittesporingsteamet til FHI si oppgåve å finne ut kven av flypassasjererane og eventuelt kabintilsette som blir rekna som nærkontakter, og dermed må jeg smittekarantene.

- FHI vil då ringje rundt til kommuneoverlege / smittesporingsteam i dei aktuelle kommunane som flypassasjerane er folkeregistrert eller oppheld seg i. Så skal desse nærkontaktene følgje opp lokalt på same måte som alle andre nærkontakter som er i smittekarantene.

Dette har Møre-Nytt tidlegare fått informert frå kommuneoverlegen i Ørsta.