I gang att på skisenteret

Pudderalarm på Volda skisenter torsdag  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Pudderalarm i april, og dermed var skisesongen brått i gang att. Volda skisenter opna anlegget heilt til topps for første gong på lenge torsdag kveld.

-Hurra! Våre trakke-karar ordnar til, vi opnar heile anlegget for kveldskøyring torsdag 8. april. I tillegg vert det ope både laurdag søndag, skriv skisenteret på sine nettsider.

Også Ørsta skisenter opar til helga.

- Hugs at du no må kjøpe kort på nett, og det er begrensning på antal kort – fyrstemann til mølla!,skriv Volda skisenter på si nettside.

Det har kome mykje snø, men den er tung, og til dels vindpåverka, så å kalle den pudder er å ta litt i.