Her blir det minnestein over eit av flogvita frå bygdene

Erkegarden sist haust.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Ivar Mork er i ferd med å setje opp minnestein over eit av flogveta frå bygdene, og satsar på avduking i juli.

Berent Eriksen Aakre (1817‐1879), frå Erkegarden på Åkre, var den første som tok veterinær‐ eksamenen sin i Noreg. Det var i 1848. Han skreiv også den første, norske handboka for veterinærar: Forsøg til Norsk Dyrlægebog, letfattelig Anviisning til at lære at kjende, forebygge og helbrede de almindeligste Huusdyrsygdomme (1849).

Ivar Mork søkjer Volda kommune om støtte til prosjektet – stort eller lite, som han skriv.

«Berent Eriksen Aakre var eit av desse flôgvita frå bygdene våre som vart fanga opp og lyfte fram til kunnskap og utdanning av prestar og biskopar. Han var ein samtidig av Ivar Aasen, og dei to kjende kvarandre», skriv Ivar Mork i søknaden.

Der fortel han at eit minnesmerke for dette særmerkte flôgvitet lenge har vore omsnakka.

«Det var ein draum for far min, John Mork, som døydde i 1992, å få reist eit slikt minnesmerke med eigne krefter. Diverre kom han ikkje lenger enn til å velje ut grunnsteinen, før åra og kreftene flaug frå han».

Men no er Ivar Mork godt i gang med arbeidet. Og ber altså om eit bidrag frå Volda kommune.

«Uansett vil eg koste det som trengst sjølv, og eg reknar meg ikkje noko for eige arbeid. Eventuelt overskot av prosjektet vil gå til eit høveleg kulturformål i indre Hjørundfjord», skriv Mork.