Velle skule er framleis på gult nivå. Men fordi elevar er smitta, og lærarar er i karantene, vert det innført særskilde tiltak.
– Elevane på fjerde og sjuande trinn er i karantene, og har heimeundervisning. Fordi det er lærarmangel på sjette trinn, må dei også ha heimeundervising, fortel kommunedirektør Wenche Solheim.
Ørsta ungdomsskule
Ved Ørsta ungdomsskule er fjorten lærarar i karantene. Vidare er to klasser på niande trinn i karantene.
Frå og med fredag vert det heimeundervisning for alle klassene på Ørsta ungdomsskule. Dette vil gjelde til og med måndag. Då skal vi ha ei ny vurdering, fortel kommuneoverlege Marte Vaage Øie.