Fire tilsette smitta på Bakk-Ola

Fire tilsette på Bakk-Ola-marka er stadfesta smitta av covid-19. Det er sett i verk strenge tiltak ved institusjonen.

Bebuarar og tilsette ved Bakk-Ola-marka er sett i karantene.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Også på Ørstaheimen er det registrert at ein tilsett er smitta ved Buavdelinga. Også der er restriksjonar sett i verk.

– På Bakk-Ola-marka vert det no dørkontroll. Dette vil vare ved til måndag, då vi skal ha ei ny vurdering, seier ordførar Stein Aam til Møre-Nytt.

Det var tysdag kveld at Ørsta kommune fekk stadfesta at ein tilsett ved Bakk-Ola-marka var smitta med covid-19. Onsdag fekk kommunen stadfesta at tre andre tilsette var smitta.

– Det er ingen bebuarar som har gitt positiv prøve per no, seier kommuneoverlege Marte Vaage Øie til Møre-Nytt torsdag føremiddag.

Situasjonen medfører at ni bebuarar og femten tilsette ved Bakk-Ola-marka er sett i karantene.

– Dette medfører ein krevjande situasjon for oss. Vi skal sikre drifta og tenestene for bebuarane. Vi har nasjonale retningsliner å gå etter når det gjeld å hente inn vikarar. Dei som er vaksinerte, og det har gått tre veker sidan fyrste vaksine, kan hentast til arbeid, seier kommunedirektør Wenche Solheim.

- Dette er ein utfordrande situasjon for eininga som er råka, og det er stort fokus på å ivareta brukarar, tilsette og skjerme resten av huset mot smitte, seier seksjonsleiar Kristin Vik.

Bakk-Ola-marka inneheld 48 bueiningar og Aktivitetssenter. Tenester til bebuarane er organisert i to einingar, heimebasert omsorg og bu og habilitering.

- Bu og habilitering er inndelt i to soner, og fram til no er det påvist smitte knytt til ei sone. Alle bebuarar, tilsette og vikarar i Bu og habilitering vert no testa, og vi avventar fleire prøvesvar, seier Vik.

Det er hittil ikkje påvist smitte eller nærkontaktar i Heimebasert Omsorg eller på Aktivitetssenteret.

- Inntil situasjonen er meir avklart held vi dørene på huset stengt, og ber om forståing for dette. Vi oppmodar pårørande om å vente med besøk. I særlege tilfelle kan ein gjere avtale med eininga.

Aktivitetssenteret er også stengt inntil vidare.

Ørstaheimen

Ved Ørstaheimen er det innført reglar for avgrensa besøk til måndag og det var torsdag stopp av inntak av nye pasientar.

– På fredag reknar vi med å kome i gang med inntak på alle andre avdelingar enn Buavdelinga, der den eine tilsette som er smitta, arbeider, seier Vaage Øie.

Ved Buavdelinga er det altså ein som er smitta. Der er åtte tilsette rekna som nærkontaktar, og dei er i karantene. Ein tilsett er i ventekarantene.

Smittevernleiinga presiserer at det er tette skott mellom avdelingane på Ørstaheimen. Difor vert det ikkje rekna med stor smittefare til dei andre avdelingane.

Smittekjelda i det nye koronautbrotet i Ørsta er rekna med å vere kjend. Det handlar om ein virusmutant.

Etter at denne artikkelen vart publisert fyrste gong, er talet på bebuarar og tilsette i karantene nedjustert. Artikkelen har også fått lagt til kommentarar frå seksjonsleiar Kristin Vik.