Fem nye smitta - fire bur på Bakk-Ola-marka

Fire bebuarar og ein tilsett ved Bakk-Ola-marka er smitta.

Bebuarar og tilsette ved Bakk-Ola-marka er sett i karantene.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Ørsta fekk torsdag ettermiddag meldt fem nye tilfelle av Covid-19. Alle fem er nærkontakter og var i karantene. Fire er bebuarar og ein er tilsett på Bakk-Ola-marka, heiter det i ei pressemelding frå kommunen.

Smittesporingsarbeidet held fram og nærkontakter vil bli kontakta, melder kommunen.

Det er i alt meldt 18 nye smittetilfeller i kommunen det siste døgnet.

Til Møre-Nytt opplyser kommuneoverlege Marte Vaage Øie at to av dei som tidlegare er meldt smitta, har fått fyrste dose av AstraZeneca. Dette gjeld tilsette i kommunehelsetenesta.

- Vi har ikkje opplysningar om at dei som no er meldt smitta har vorte vaksinert, seier Vaage Øie.