Volda – langt eldre enn Romarriket

Volda – her er det gjort funn frå over 3000 år tilbake.  Foto: Skjermdump frå den arkeologiske rapporten.

Nyheiter

I området som for våre dagars middelaldrande er mest kjend som marka ved Porse i Volda – Langeteigen – har det budd folk lenge. Svært lenge.

Det ligg no føre ein rapport frå arkeologiske utgravingar leia av arkeolog Signe Marie Midtgård. Undersøkinga resulterte i funn av elleve automatisk freda kulturminne. To av funna er datert til yngre bronsealder (1100 – 500 før Kristus), to til romartid (ca. år 0 til 400), og ein til overgangen merovingartid/vikingtid (ca. 570 – 800 e.Kr.).

Funna viser at der har vore busetnad og menneskeleg aktivitet i over 3000 år.

Ein av strukturane frå yngre bronsealder er eit depot, - det vil seie eit lager der det vart oppbevart større mengder materiell for seinare bruk.

Sjølv om det er funne ein del arkeologiske gjenstandar i nærområdet (Halkjelsvik/Volda sentrum) frå før, er det få av dei som er funne av arkeologar, og det varierer kor nøyaktige funnopplysningane er.

«Det er dessutan uvanleg at arkeologar finn depot; slike funn er oftast levert inn av bønder, og ein manglar gjerne ein sikker kontekst. Derfor er det ekstra interessant med funnet av både resten av strukturane og flintdepotet her. Funna bør sjåast i samanheng med at fleire av funna frå nærområdet også er moglege depotfunn», står det i den arkeologiske rapporten.

Og vidare:

«Det er dessutan interessant at Halkjelsvik har vore kyrkjestad så lenge ein kjenner til, ettersom depotfunn ofte har ein rituell kontekst. Sjølv om det er stor avstand i tid mellom dette depotfunnet frå denne undersøkinga og kristendommen, kan området ha vore rituelt viktig i mellomtida utan at vi kjenner til det.»

Bakgrunnen for den arkeologiske registreringa er oppstart av arbeid med detaljregulering med tanke på bygging av leilegheitsbygg/bustadblokker.