Strynefjellet er opna

Stengt: Rv 15 over Strynefjellet var stengt i over to døgn. (arkivfoto)  Foto: Thomas Thaule, Fjordingen

Nyheiter

Riksveg 15 over Strynefjellet er open att, etter å ha vore stengt sidan måndag på grunn a uvêr og rasfare.

- Statens vegvesen opplyser om at det er vekslande tynn is, snøslaps, bart og vått på fjellovergangen onsdag ettermiddag. Klokka 13.20 var det i fylgje vegvesenet tre minusgrader, nord-vestleg svak vind og lett snø, skriv avisa Fjuken.