Massetesting på skulane

Elevar på ungdomsskular og vidaregåande skular skal massetestast.  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Som ein del av den varsla – men ikkje datofesta – gjenopninga av landet innfører regjeringa regelmessig massetesting av skuleelevar. I første omgang vil det omfatte ungdomsskular og vidaregande skular.

- Det kan føre til at vi kan halde skulane opne og unngå raudt nivå framover, seier statsminister Erna Solberg (H) til Aftenposten.

Både nasjonale og lokale myndr har ofte trukket fram at dei ønskjer å prioritere barn og unge. Dei har peika på at dette er ei sårbar gruppe, og Solberg grunngjev tiltaket med massetesting med nettopp dette.