Skisentera opnar opp att

– Folk skal få ha det kjekt

Opnar: Ørsta skisenter opnar opp att i helga etter snøfallet dei siste dagane.  Foto: Svein Aam/Arkiv

Nyheiter

Sidan søndag har snøen lava ned på Søre Sunnmøre. Frå at både marker og fjell var nesten snøfrie er det store mengder snø stort sett over alt i Volda og Ørsta. Påska vart ikkje som planlagt for dei lokale skisentera både med regn, plussgrader og strenge koronatiltak. Snømengdene som no lavar ned gjer at løypetrakkarane har hatt travle dagar både på Bondalseidet og Reset. Kvar dag har det blitt køyrt langrennsløyper i lysløyper og til Åmskaret. Med meir snø i vente vert det no lagt opp til aktivitet til dei som ville renne nedover på ski og brett.