Uveret held fram – vegar stengde

Vinteren kom tilbake i påskehelga – og uveret vil halde fram. Vegar er stengde.

Nordvesten: Det bles nordvestleg vind over Søre Sunnmøre. Her kjem vinden inn med ei snøbye i Hjørundfjorden måndag ettermiddag. 

Nyheiter

Hos vegvesen.no vert det meldt at fv. 655 gjennom Norangsdalen er stengd. Årsaka er uver og fare for ras.

Vegen er stengt inntil vidare.

Også den kommunale vegen gjennom Vatnedalen og Aldalen er stengt grunna returen til vinteren.

Riksveg 15 over Strynefjellet er stengt, og vegvesenet varslar at det ikkje vert opning tysdag,

I dagane framover melder yr.no at skal lave ned. Det er meldt om snøvêr både tysdag og onsdag.

Vinden kjem hovudsakleg frå nordvest, og temperaturane i låglandet skal liggje på om lag null.

Frå torsdag og inn mot helga skal temperaturane stige. Det skal framleis kome noko nedbør. Då truleg i form av regn.