Stad kommune etter stort utbrot

- No har vi kontroll over smittesituasjonen

Koronatesting.  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Siste månaden har Stad kommune hatt over hundre korona-tilfelle, men tysdag melder kommunen at dei vurderer smittesituasjonen som godt kontrollert.

- Den siste tida har ein fått nokre nye smittetilfelle, men desse har vore kopla til tidlegare smitta i utbrotet og utviklinga har vore som forventa, skriv kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i ei pressmelding.

Sidan oppfølginga av utbrotet ikkje er heilt avslutta, opprettheld ein risikonivå 2 (kontroll med klynger) i Stad kommune ut denne veka. Situasjonen er likevel slik at ein ikkje lenger ser behov for eigne lokale smitteverntiltak i Stad kommune. Frå og med onsdag er det nasjonale anbefalingar og reglar kring smittevern som gjeld i kommunen. Desse samsvarer i stor grad med dei råda som har vore lokalt, men etter dei nasjonale anbefalingane kan barn og unge under 20 år delta på fritidsaktivitetar.

Men:

- Tida etter påske er ei sårbar tid med tanke på spreiing av smitte, og det er viktig at alle held fram med å følgje dei gjeldande smitteverntiltaka, understrekar Vingen Vedeld, som oppmodar alle til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.