Anna lengtar

- Gi meg sommarvarme, og eit glas vin på badestranda!

Anna Holen Bjørdal  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Det er dette Anna Holen Bjørdal lengtar etter der ho står og kavar med ein snøryddar. Det er tysdag, påska er over, og seinvinteren har låst våren ned i kjellaren. Det likar Anna dårleg der ho kjempar med tjukk og våt snø utanfor barndomsheimen sin, og konstaterer at snøen er vanskeleg å handtere.