Frå grøne marker til 50 cm med snø

Hjørundfjord camping har målt 48 centimeter med snø på Sæbø tysdag.   Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Vinteren har kome tilbake på Vestlandet dei siste dagane. Meldingar om å nytte påska til å legge om til sommardekk var erstatta om å behalde vinterdekka på. Tysdag held snøvêret fram. Hjørundfjord camping kan melde om 48 centimeter med snø på flatmark. I Hornindal i Volda kommune har det gått frå grøne marker til over 50 centimeter med snø melder Meteorologene på Twitter.



Ifølgje Yr.no skal snøen halde fram med å lave ned tysdag. Onsdag og torsdag er det meldt meir nedbør. Først søndag skal det klarne opp.