Aldalen «vinterstengt»

Stemningsbilete frå Aldalsvegen. Men vårstemning er det ikkje.  Foto: Ørsta kommune.

Nyheiter

Berre vel ei veke etter at vegen mellom Hunnes og Vatne vart opna for sommaren, vart vegen i går kveld klokka 21.00 vinterstengt igjen.

Årsaka er mykje snø og mogleg rasfare.

Vegen vert opna igjen når vêret og snøforholdet tillèt det.